Om oss
Electric Farm AS kombinerer teknologiforståing med praktisk rådgjeving
Selskapet arbeider med utvikling, rådgjeving og tenester innan informasjonsteknologi, digitalisering, tingenes internett og velferdsteknologi.
Arbeidsmåte
Me startar med å forstå behovet, organisasjonen og rammene før me føreslår tiltak. Electric Farm AS arbeider tett på kunden, men spelar òg på eit fagleg nettverk når prosjekt treng breiare kompetanse eller ekstra kapasitet.
Bak rådgjevinga ligg fleire tiår med erfaring frå teknologi, kundedialog, forretningsutvikling, prosjektutvikling og løysingsarkitektur. Det gjev eit godt grunnlag for å sjå både dei tekniske moglegheitene og dei organisatoriske konsekvensane av eit teknologival.
Selskapsfakta
- Organisasjonsnummer 925 174 017
- Aksjeselskap etablert i 2020
- Adresse Bygdavegen 45, 5760 Røldal
Erfaringa me tek med
Rådgjevinga byggjer på erfaring frå forretningsutvikling, strategisk kundearbeid, teknologirådgjeving, arkitektur, prosjektutvikling, anskaffingar og innføring av nye løysingar.
Formål
Electric Farm AS sel utvikling, rådgjeving og tenester innanfor informasjonsteknologi, og kan delta i andre verksemder innanfor fagområdet gjennom samarbeid og investeringar.
Verdiar
Teknologi skal vere forståeleg, nyttig og mogeleg å drifte
Me legg vekt på praktiske val, tydelege råd og løysingar som skaper verdi for menneske, drift og samfunn.
Neste steg